KM60 – Kraft og industri

Me erkjenner at det grøne skiftet er ein realitet. Verda treng meir energi – rein energi! Kjosås Maskin AS har difor etablert ei avdeling for utvikling og gjennomføring av kraft- og industriprosjekt.

Idéen bak:

  • I moderne modellbaserte byggeri er eksisterande infrastruktur og grunntilhøve ein av dei få store attverande ukjende storleikane – altså risika i prosjektet.

  • KM har utstyr og kompetanse til å kartlegga terreng, grunntilhøve og eksisterande infrastruktur.

  • KM har kompetanse og erfaring til å samordna fag og grensesnitt i digitale modellar for å føra kollisjonskontrollar mellom faga, massekontrollar og samhandling – altså prosjektoptimalisering.

  • KM har kompetanse på- og erfaring med utføring av kompliserte prosjekt.

Med Kjosås Maskin AS kan kunden forhalda seg til ein aktør frå idè til ferdigstilling.

  • Det ivaretek historikken i prosjektet

  • Det reduserar risiko og aukar innteninga for kunden


Pågåande prosjekt i KM60 Kraft & Industri:

  • Hardangerbadet

  • Hardanger Fjordhotell

  • Stronde

  • Tokagjelet Kraftverk
    Kjosås Maskin skal ha alt grunn- og betongarbeid i dagen på Noregs største privateigde vasskraftprosjekt. Kraftverket skal etter planen stå klart ved årsskifte 2020/21. Les meir om prosjektet her

  • Palmafossen Kraftverk
    Voss Energi AS skal riva gamle Palmafossen Kraftverk og bygga ny på same lokasjon. KM er engasjert som underentreprenør for Røynstrand Entreprenør AS for å utføra kartlegging av eksisterande anlegg, riving av eksisterande anlegg samt grunnarbeid for ny dam- og kraftstasjon. Forventa oppstart er januar -19.


Kontakt oss for informasjon eller bestilling