Kjosås Maskin AS starta som eit enkeltmannsforetak i 1970. Bedrifta har gjennom åra vakse til omlag 30 tilsette med ein omfattande og moderne maskin- og utstyrspark. Me er idag eit allsidig entreprenørfirma med lang erfaring, og me tek på oss både store og små jobbar.

Me ynskjer å vere ein totalleverandør av prosjekter, gjerne heilt frå tegnebrettet, via 3D visualisering, utføring, transport, montering, masseleveranse og sluttdokumentasjon.

Bedrifta er medlem i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) og Norges Lastebileigar Forbund (NLF). Gjennom Opplæringskontoret for anlegg og bergverk (OKAB) har me hatt mange lærlingar innanfor anleggsmaskinførarfaget samt veg og anleggsfaget, for å vere med å sikre rekruteringa i bransjen. Kjosås Maskin er godkjent opplæringsbedrift.

Kjosås Maskin AS er eigd av Vestlandsentreprenøren.