Alt grunn- og betongarbeid i dagen på Tokagjel Kraftverk

Clements Kraft startar no bygginga av Tokagjelet Kraftverk som vil gje ein årleg produksjon på 76 GWh. Energi Teknikk får for fyrste gong ansvaret for totalentreprisen for det som er Noregs største privateigde vasskraftprosjekt. Kjosås Maskin vert ein av underleverandørene og skal stå for alt grunn- og betongarbeid i dagen i prosjektet.

Kraftverket, som fekk konsesjon i 2016, vil ha ein utbyggingskostnad på rundt 212 millionar kroner og utbyggingspris på 2,62 NOK/kWh ifølgje konsesjonssøknaden frå 2010. Andre underleverandørar til prosjektet er Hardanger Maskin AS og Brødrene Dahl. I tillegg er Bystøl engasjert som rådgjevande ingeniørar.

Kraftverket skal etter planen stå klart ved årsskifte 2020/2021.

Les meir om prosjektet på byggherren si heimeside

Tokagjelet. Foto: Clements Kraft

Tokagjelet. Foto: Clements Kraft